Som eit ledd i arbeidet for å betre registrera skogfinske stadnamn, startar Språkrådet over nyttår eit prosjekt kor dei vil gå gjennom stadnamndatabasen til Kartverket for Grue kommune for å spora opp og registrera skogfinske stadnamn.
Pål Kristian Eriksen i Språkrådet opplyser at dei også vil ta for seg andre kommunar i skogfinske kjerneområde etter kvart. Dei kjem til å halda fram med arbeidet utover i 2023, og Skogfinneforeningen får oppdateringar frå Språkrådet undervegs.