Prisjuster løyvinga til NSM sitt nybygg!

Til kulturminister og finansminister:

Årsmøtet i Skogfinneforeningen krev samrøystes at kulturminister Trettebergstuen og finansminister Vedum i det minste sikrar full prisjustering av kostnaden for Norsk Skogfinsk Museums nybygg. Kostnadsramma for heile prosjektet bør dermed justerast til minst 119,4 millionar kroner

I september 2020 gjorde regjeringa framlegg om å løyve middel til nybygg for Norsk Skogfinsk Museum (NSM). Kostnadsramma for ferdig bygg vart sett til 106,6 millionar kroner.

Framlegget vart lagt fram i statsbudsjettet i oktober same år, og Stortinget slutta seg til framlegget.
3. februar i år varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum at regjeringa jobbar med ei prisjustering av budsjettet for å ta omsyn til den ekstraordinære prisstigninga. Prisjusteringa skal sikre at det offentlege tenestetilbodet blir om lag slik som føresetnaden var ved vedtak av budsjettet.
Bygging av eit nytt museum er ikkje del av det offentlege tenestetilbodet, så pressemeldinga gir ikkje grunn til å tru at kostnadsramma for NSM sitt nybygg vert endra.
NSM sitt nybygg er i tre, og prisstigninga på trevirke og  bygg av tre har faktisk vore mye sterkare enn konsumprisveksten. Byggekostnaden for einebustad av tre har frå september 2020 til januar 2023 auka med 23,7 prosent medan konsumprisveksten i same periode har vore 11,7 prosent.  Frå NSM har vi fått opplyst at dei reine byggekostnadene i prosjektet er 54,1 millionar kroner. Då er ikkje administrative kostnadar og kostnader til utomhusarbeid inkludert. Med justering for prisstigning vert dei reine byggekostnadene 66,9 millionar kroner. 
Årsmøtet i Skogfinneforeningen krev at kulturminister Trettebergstuen og finansminister Slagsvold Vedum i det minste sikrar full prisjustering av kostnaden for bygget. Kostnadsramma for heile prosjektet bør dermed justerast til minst 119,4 millionar kroner.  

Styreleder: Rune Hernes Bjerke. E-post: styrepost@skogfinneforeningen.no. Bank: 9365.31.95271 eller VIPPS 662508. PERSONVERN.