Norsk Skogfinsk Museum har laga sitt innspel til statsbudsjettet for 2025. Brevet til Kultur og likestillingsdepartementet vart sendt 23. november 2023 og er eit særleg viktig dokument ettersom museet jo skal flytte inn i nybygget sitt sommaren 2025. Eit nytt museumsbygg vil jo stille heilt andre krav til organisering av utstilling og betjening av publikum enn no.
Det detaljerte innspelet frå museet peikar på at ein teknisk driftsleiar må vere på plass i god tid slik at driftsleiar kan delta i tekniske testar alt før bygget er overtatt frå byggherren. Frå opningsdagen må resepsjonistar kunne vise publikum til rette i heile museets opningstid.