Ein merkedag for museumsbygget

I dag er kontrakten om bygging av nybygget signert. Kontrakten er innafor kostnadsramma som er fastsett av Kulturdepartementet. Byggestart vert om lag 1.mars 2024 og byggetida er stipulert til 13 månader.

Etter det må den faste utstillinga monterst. Opning av bygget vert då i midten eller slutten av august 2025.

Les detaljane om nybygget og museet i pressemeldinga frå museet.

Krev ti nye stillingar før utgangen av 2025

Norsk Skogfinsk Museum har, som alle andre, laga sitt innspel til statsbudsjettet for 2025. Plan for Norsk Skogfinsk Museum - Til budsjettet for 2025  vart sendt 23. november 2023 og er eit særleg viktig dokument ettersom museet jo skal flytte inn i nybygget sitt sommaren 2025. Eit nytt museumsbygg vil jo stille heilt andre krav til organisering av utstilling og betjening av publikum enn no.

Statsbudsjettet – Litt meir til skogfinske føremål

Forliket om statsbudsjett mellom Ap, Sp og SV ga ein ekstra million til Norsk Skogfinsk Museum. I framlegget frå regjeringa vart ei påplussing på to millionar som kom i Revidert budsjett for 2023 gjort varig.

Bildet: Illustrasjon fra regjeringen.no

Skogfinnene inntok Sarpsborg


Også i Østfold finnes det skogfinner – og interesse for den skogfinske kulturen. Det viste seg da BUL Sarpsborg og Østfold mållag inviterte til Finnskogkveld på Matstova onsdag 15. november. (Alle foto: Hilde Løvlien)

Skogfinneforeningen krev fem millionar til skogfinske føremål

Skogfinneforeningen krev fem millionar meir til skogfinske føremål i Statsbudsjettet for 2024. Foreininga krev eit løft i driftsmedelen til Norsk Skogfinsk Museum med tre millionar kroner. Dessutan krev dei to millionar i driftsstøtte til organisasjonane for skogfinnane.

Kravet er sett fram i eit brev til partia på Stortinget.

Styreleder: Rune Hernes Bjerke. E-post: styrepost@skogfinneforeningen.no. Bank: 9365.31.95271 eller VIPPS 662508. PERSONVERN.